Eg byggjer det digitale, du fokuserer på verksemda di.
TENESTER
NETTSIDE
Eg lagar ei skreddarsydd nettside tilpassa di verksemd — uansett bransje. Moderne design, mobilvennleg og enkel å oppdatere sjølv.
Ta kontaktVEDLIKEHALD & DRIFT
Vil du heller fokusere på verksemda di? Eg tek meg av oppdateringar, innhald, sikkerheit og drift — du slepp å tenke på det tekniske.
Ta kontaktPROSESS
Eg lagar ein gratis demo av ei digital løysing for verksemda di. Ingen binding, ingen kostnad.
Me justerer design, innhald og funksjonar til det passar di verksemd perfekt.
Nettsida blir publisert med ditt domene og alle integrasjonar på plass.
Vil du styre alt sjølv, eller vil du at eg held det ved like? Me finn den løysinga som passar deg.
ULVIK · HARDANGER → BARCELONA
OM MEG
Eg heiter Vegard Innset, er 22 år og kjem frå Ulvik i Hardanger. For tida studerer eg kunstig intelligens i Barcelona.
Innset Solutions er ein soloverksemd. Det er meg du snakkar med, og det er meg som byggjer nettsida di. Eg brukar moderne verktøy og AI for å levere arbeid som tidlegare kravde eit heilt byrå — raskare, billegare og meir personleg.
Eg trur på ærleg kommunikasjon. Du får tett oppfølging, klare prisar, og eit produkt du eig sjølv etter overlevering. Ingen abonnement du ikkje forstår. Inga binding.
Hovudfokuset mitt er campingplassar og reiselivsbedrifter, men eg hjelper alle typar verksemder med å etablere seg digitalt.